Line Paulsen instruktør dramaturg


Den utrulege historia om den kjempestore pæra
Når idyllen i Solby blir truga av viseborgarmeister Kvist, må katten Mitcho og elefanten Sebastian redde småbyen frå å bli ein trist plass å bu. Med ei kjempestor pære som båt seglar dei av garde for å finne den sakna borgarmeisteren JB. På vegen møter dei sabelsvingande piratar, ein skummel sjødrage og uhyggjelege spøkelse, men òg farar som kanskje ikkje er så farlege likevel. Passar godt for barn frå fem år og oppover.
Det fargerike, fantasifulle og sprø universet til Jakob Martin Strid har funne vegen til mange bokhyller, og teaterversjonen av «Den utrulege historia om den kjempestore pæra» blir minst like fartsfylt og humoristisk som boka ho er basert på. I tillegg til mystikk, mot og moro, er framsyninga lasta med songar og musikk av Julian Berntzen.
Det Vestnorske Teateret, DNS og Line Paulsen har laga ein strålanda opsetjing av denne boka. Ikkje minst grunna den scenisk løysinga med mange inspirert skodespelarar i scenerommet, men også ved god musik og gode musikarar.
- Bergens Tidende
Alt ved denne kjempestore pæra gjør det til en flott forestilling: Skuespillerne koser seg, scenografien er spektakulær, og hver scene gjemmer på en overraskelse.
- Instakritikar
Språket bidreg til å skape karakterar, som at den ufyselege Kvist er bergensar og dermed stikk seg ut når han seier "pæren"
-Periskop
Basert på: Den utrulege historia om den kjempestore pæra av Jakob Martin Strid
Manus og songtekstar: Anders Lundorph
Musikk: Julian Berntzen
Underscore, arrangement og musikkproduksjon: Kato Ådland
Omsett frå dansk: Aslak Moe
Regissør: Line Paulsen
Scenograf: Vasylyna Kharchevka
Kostymedesignar: Mari Hesjedal
Musikalsk leiar: Kato Ådland
Koreografisk assistanse: Ann-Terese Aasen
Lysdesignar: Silje Grimstad
Lyddesignar: Lars-Andreas Forthun
Dramaturg: Aslak Moe
Rolleliste/ Skodespelarar:
Sebastian: Sigmund Njøs Hovind
Mitcho: Kamilla Grønli Hartvig
Jeronimus B, Benny, Politi, Ulysses Karlsen, Pirat, Spøkelse: Stine Robin Eskildsen / Kristian Berg Jåtten (vikar i januar)
Kvist, Pibbenibb, Oldefar, Pirat: Jonatan Filip Johansen
Rekyl, Stroganoff, Spøkelse: Reny Marie Folgerø
Sofie, Glukose: Svein Harry Schöttker-Hauge
Ziggy/ Musikar: Tommy Haltbakk / Simon Furnes (vikar, delar av januar)
Produsert i samarbeid mellom Den Nationale Scene og Det Vestnorske Teateret.
Produsert etter avtale med Songbird Agency og Gyldendal Group Agency København.
Illustrasjon: Jacob Martin Strid. Logo: Julian Berntzen







